Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Uten navn

Listed in B2FIND

Lokalitet éin ligg på ei låg haug på innmarksjordet vest i planområdet.

Description

Jordet her ligg på om lag mellom 50–60 høgdemeter over havet. Det vart grave sju sjakter på jordet. Éin sjakt var funnførande og seks var funntomme.

Det vart påvist éin struktur i sjakt tre, som blir tolka som ei kokegrop. Lokaliteten har eit omfang på om lag 20 kvadratmeter og er avgrensa til omkring kokegropa, av funntomme sjakter i søraust, sør og vest, og av lendetilhøva i nord ved hagen til gardshuset og i aust ved vegen opp til gardshuset. Sjakt tre er om lag 40–50 cm djup og dei stratigrafiske laga er av om lag 5–10 cm djup matjord og om lag 40–50 cm djup raudbrun silt og sand i undergrunn.

Read the rest (6 more)

Det er berg i botn som er eksponert nord og sentralt i sjakta. Det vart gjort funn av ein struktur som blir tolka som ei kokegrop sentralt i sjakta (struktur 3.1). Den blir tolka som ei kokegrop i konteksten av dei andre kokegropene funnet i andre sjakter, i liknande omstende på låge høgdar på berg.

Fordi sjakta er så skrinn, er det mogleg at kokegropa har vore forstyrra og at det berre er botnen som er igjen. Den er om lag 1 m i diameter. Rund form i plan.

Tydeleg mot undergrunn. Tydeleg avgrensa kantar. Svak kolrand.

Kolhaldig silt og sand. Ingen skjørbrent stein. Den vart snitta for å undersøke stratigrafien og for å ta ut ei dateringsprøve.

Den er svakt bua i sidene i profil. Lag av mørk/svart kolhaldig silt og sand 17 cm djup. Det vart teke éin 14C-dateringsprøve på lokaliteten.

Prøva vart teken frå kokegropa om lag 3– 10 cm djupt. Trekol frå prøva er datert til eldre bronsealder (2980 +/- 30 BP eller 1298–1110 kal. f.Kr.).

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FINDa02d1b65-de67-4271-9908-cece2ac63f6a10 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0