← Search

Data · dataset · 2025

Uten navn

Listed in B2FIND

Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå steinalder.

Description

Den ligg i innmark sør på eigedomen gnr. 50, bnr. 5, sentralt i tiltaksområdet. Den er definert til om lag 800 kvadratmeter i utstrekning.

Den ligg på ei gamal slåttemark og/eller dyrkamark på ei nordvendt flate om lag 10–15 høgdemeter over havet. Den har eingong vore knytt saman med marka med lokalitet éin på, men det har vorte bygd ein oppbygd steinveg som no skil markene frå kvarandre. Den er delvis dekt av klyngje med tre i sør og vest.

Read the rest (7 more)

I nord endar flata ved den oppbygde steinvegen. I aust endar flata ved ei forhøgning av berg. I sør held flata fram og går opp til 15 høgdemeter over havet og endar ved hagane til busetnadene.

I vest endar flata ved ei noko mindre forhøgning av berg. Den er definert av fem funnførande prøvestikk: APK6, APK7, APK10, APK11, og JA20. Den er avgrensa av fire funntomme prøvestikk i nord, nordaust og vest, og delvis av lendetilhøva, særleg i nord ved steinvegen, i aust ved berg, i sør ved hagane til bustadene, og i vest ved berg.

Alle stikka har tynn torv og omrota matjord under torva. Stikka har lag av blanda silt og sand under matjord og kompakt sand over berg i botn. Stikka er mellom 40–57 cm djupe og torva er om lag 5–7 cm tjukk.

Laga under torva er av funnførande omrota matjord mellom 5–30 cm djupt og laga under matjorda er av delvis funnførande grå silt og sand blanda med grus og forvitra stein og/eller berg. I botn er laga av kompakt brun sand over berg. Det er hovudsakleg det omrota laget av matjord under torva som er det primære funnførande laget, men alle stikka har òg nokre funn frå det om lag 20–55 cm tjukke laget av silt og sand under det omrota laget av matjord igjen.

Det er funne 34 funn på lokaliteten som er fordelt på dei 5 funnførande prøvestikka. Funna er av avslag (éin med retusj), éin skrapar, kjernar og pimpstein. Råstoff er av flint, ryolitt, kvarts, kvartsitt og pimpstein.

Gjenstandane funne på lokaliteten kan brukast til å typologisk datere lokaliteten til tidlegneolitikum (om lag 4000–3500 f.Kr.) eller mellomneolitikum (om lag 3500–2350 f.Kr.), ettersom sylindriske kjernar og fråvær av flekkjer i funnmaterialet, og råstoff av kvarts, kvartsitt og ryolitt er gode indikatorar for ei tidlegneolittisk eller mellomneolittisk datering. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum og seinare igjen på høgda av tapestransgresjonen i seinmesolitikum til tidlegneolitikum og første halvdel av mellomneolitikum.

Strandforskyvningskurva samsvarar med ein typologisk datering av lokaliteten til tidlegneolitikum eller første halvdel av mellomneolitikum.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND83c35a8a-757f-4ae7-8e03-cc43f1f7bcd313 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0