Data · dataset · 2025
Henrikhildrane 1
Listed in B2FIND
Henrikhildrane 1 er ei stor steinblokk med to hellerar, heller 1 og heller 2.
Description
L. Steinblokka ligg i ei skråning mot foten av fjellet, med mange andre store steinar som har rast nedover fjellsida. Terrenget er til dels bratt og overgrodd med gras og mose i blandingsskog.
Lokaliteten ligg 40 meter over havet. Heller 1 ligg på sørsida og heller 2 ligg på vestsida av blokksteinen. Det vart grave til saman eitt ordentleg prøvestikk innanfor lokaliteten, samt at det vart grave i massane rundt om.
Read the rest (7 more)
I store deler av blokkhelleren er det berre 1-5 cm lause massar ned på stein. Desse vart samla opp ulike stader i helleren og tørrsålda utan funn. Heller 1 ligg vendt mot sør og består av eit overheng med ei høgd på 40-80 cm.
Lengda er om lag fem meter og djupna er ein til halvannan meter. Det vart tatt eitt prøvestikk i helleren; LJB18. Stikket er 29 cm djupt.
Dei øvste to centimeterane er tørr humus. Under det er grå sand med kanta stein og bitar med trekol. Steinane er tolka å vere nedfall frå taket.
Massane blir fuktigare nedover i stikket. I botn av stikket er ein stor stein, men massane heldt fram under. I LJB18 vart det gjort funn av to flintavslag frå flateretusjering eller flatehogging på 0-8 cm og 15-18 cm.
Heller 2 ligg vendt mot vest. Overhenget stikk 2-3 meter inn under blokksteinen, og høgda innvendig er 50-100 cm. Her er det ikkje grave eit skikkeleg prøvestikk, men det er samla opp lausmasser som vart tørrsålda på utsida av helleren.
Sjølv om det ikkje er gjort funn av littisk materiale får helleren ei freding. Grunnane er at den ligg så nære heller 1 at den med svært høgt sannsyn inngår i same aktivitetsområde. Og at oppmuringa i framkant av helleren let seg ikkje datere.
Det kan ikkje utelukkast at den er frå same bruksfase som Askeladden ID 322653, som ligg like mot nord.
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/3dacf3a3-c711-53bd-ad60-d457fa33673e ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/322652 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=0dbf6980-1188-41df-b13b-3512e39ff… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | 0dbf6980-1188-41df-b13b-3512e39ff65f | 12 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |