Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Lokalitet 2

Listed in B2FIND

Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå tidlegmesolitikum i eldre steinalder.

Description

Den ligg på ei lita flate mellom eigedommane søraust på gnr. 240, bnr. 5 og sørvest på gnr. 240, bnr. 6, søraust i planområdet. Den er definert til om lag 210 kvm i utstrekning.

Lokaliteten ligg på ei nordvendt flate om lag 17–19 høgdemeter over havet. Den er dekt av torvtustar og torvmyr, og lausmassane er våte. I nord heller flata svakt ned til ei anna flate som ligg om lag 15 høgdemeter over havet.

Read the rest (4 more)

I aust går det ein «rygg» av bart berg langs med flata frå nord mot søraust. I sør og søraust held flata fram mellom fleire spreidde flekker av bart berg. I vest går det ein «rygg» av bart berg langs med flata frå nord mot søraust.

Lokaliteten er definert av to funnførande prøvestikk: KR14 og KR17. Den er avgrensa av to funntomme prøvestikk og elles delvis av lendetilhøva, særleg i aust og i vest ved område med bart berg. Det er funne 5 funn på lokaliteten som er fordelt på dei to funnførande prøvestikka.

Funna er av avslag (éin flekkjeliknande med retusj og éin flekkjefront) og gjenstandar som éin endeskrapar og éin smalflekkje. Råstoff er av flint. Gjenstandane som er funne på lokaliteten kan brukast til å typologisk datere lokaliteten til tidlegmesolitikum (om lag 9500–8200 f.Kr.).

Avslaga er «flate», noko som er karakteristisk i tidlegmesolitikum og seinare i seinneolitikum, men ettersom råstoffet er svært homogent og hovudsakleg av flint indikerer det ein tidlegmesolittisk datering. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum og seinare igjen på høgda av tapestransgresjonen i seinmesolitikum. Strandforskyvningskurva samsvarar difor med ein typologisk datering av lokaliteten til tidlegmesolitikum.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND0bbb9b2f-8ea2-40cc-90fd-75c37a1efd3911 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0