Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Øksnesmarka - Lok. 8

Listed in B2FIND

Lokalitet 8 er definert av to funnførande/positive prøvestikk; KR.80 og APK.94.

Description

Han har eit areal på omkring 118 m², og er 13 m lang og 13 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ei lita flata omkring 13-14 moh, inni planta skog på vestre side av Teinelva.

Han er avgrensa av bergknausar i nord og aust og fjellskråning i vest. I sør og søraust er det myr på over 1 m. Det ligg også eit overgrodd velta tre nordaust for lokaliteten, som gjer at det ikkje er mogleg å ta fleire prøvestikk her.

Read the rest (3 more)

Dette er og tilfelle lengre nordaust for lokaliteten, med fleire overgrodde, velta tre nedover mot myra og Teinelva. Vegetasjonen består av myr med tre spreidd rundt. Massane består av torv og myr i topp, med funnførande sand og grus under.

Det er funne bitar med vassrulla og patinert flint, i tillegg til eit kvartsavslag i APK.94. Det er berg i botn av APK.94 på omkring 62 cm, medan ein i KR.80 ikkje kjem i botn etter 100 cm djupne. Det vart tatt ein prøve frå APK.94, men det vart ikkje funne kol.

Terrenget og nærleiken til myra ved Teinelva tilseier at lokaliteten har hatt tilgang til sjøen i heile steinalderen. Lokaliteten har mogleg, basert på strandlinjekurve og funn av vassrulla og patinert flint, vore fløymt over under tapes maximum (13 moh - 5050 BC).

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND1a9cdfee-bd25-4d50-98cc-2ea3437891b610 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0