Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Sundnes - Fetts fk.nr. 2 , Langerøyso

Listed in B2FIND

Røysa som blir kalla "Langerrøyso", er kring 45 m lang NNV-SSO, 6-8 m brei og opp til 1 m høg.

Description

Ho er bygd av 0,1-1,0 m store steinar/blokker som for ein stor del er tilgrodde med mose. 6 m frå nordre kant av røysa ligg ei ca. 1 m lang helle i eit grunt søkk. Breidda på hella er vanskeleg å avgjera avdi ho står på skrå ned i røysa. 11 m frå nordre kant av røysa er det eit kring 8 m. langt, 2 m vidt og opp til 0,75 m djupt søkke.

I søkket står det ei ca. 2 m lang, 0,8 m brei og 0,1 m tjukk helle på kant. Hella kan ha utgjort austre langveg i ei kiste. 2 m frå søre enden av røysa er der eit søkk som er kring 1,6 m langt, 0,5 m breitt og opp til 0,7 m djupt. Ved nordre kant av søkket ligg det to heller.

Read the rest (2 more)

Røysa har elles fleire sår og ser ut til å vera noko omrota. Det veks lauvtre og einer på røysa. Frå Aksdal, 2004: Grunneigar rydda i 1996 skog og kvist i området og fornminnet var svært godt synleg.

Nokre år seinare er situasjonen slik at oppskotet har vokse tett og røysa ikkje er til å sjå lenger.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND4639a0f4-365a-4c5f-9dc3-6001acb0a9f69 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0