Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Uten navn

Listed in B2FIND

Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå yngre steinalder.

Description

Den ligg i utmark søraust på eigedomen gnr. 115, bnr. 3 aust i planområdet. Den er definert til om lag 500 kvadratmeter i utstrekning.

Den ligg delvis på ei myrflate og hovudsakleg på ei nordvestvendt opphøgd flate ovanfor myra om lag 12–15 høgdemeter over havet. Den er tørrare på flata i aust og sør og våtare på myra i nord og vest. Den er delvis dekt av lyng og einar på flata i aust og sør og av torvtustar på myra i nord og vest.

Read the rest (6 more)

I nord går myrflata opp til over 20 høgdemeter over havet i det som eingong har vore ei strandbunden vik. I aust ligg berg som går frå sør til nord som skjermar flata mot aust. I sør ligg myrflata som held fram til den treffar berg i nærleiken av ein grusveg som går frå nordvest mor søraust.

I vest ligg myrflata og held fram til den treffar berg som går frå søraust til nordaust. Den er definert av fem funnførande prøvestikk: JA1, JA3, JA4, JA5 og JA8. Den er avgrensa av sju funntomme prøvestikk i nord, aust, sør og vest og elles delvis av lendetilhøva, særleg av myra i nord, sør og vest, og av berg i aust.

Dei fleste prøvestikka har lag av blanda silt, sand og/eller grus under torva og berg i botn. Stikka er mellom 50–100 cm djupe og torva og torvmyra er om lag mellom 10–60 cm tjukk. Laga under torva er av delvis funnførande grå sand og grus mellom 60–100 cm djupt og hovudsakleg av funnførande silt og sand og/eller grus mellom 10–60 cm djupt.

I botn er det sand over berg. Det er funne 48 funn på lokaliteten som er fordelt på dei fem funnførande prøvestikka. Funna er av gjenstandar som avslag (nokre flekkeliknande og nokre med retusj), ein bipolar kjerne, ein smalflekke, makroflekkar, pimpstein og ein knakkestein.

Råstoff er av flint, ryolitt, kvarts, kvartsitt, bergkrystall og pimpstein. Gjenstandane funne på lokaliteten kan brukast til å typologisk datere lokaliteten til tidlegneolitikum (om lag 4000–3500 f.Kr.) og periode A av mellomneolitikum (om lag 3500– 2700 f.Kr.) då innføring av ryolitt i funnmateriale er typisk for desse to periodane. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden eller tilnærma bunden i tidlegmesolitikum, mellommesolitikum og seinare igjen etter høgda av tapestransgresjonen mot slutten av seinmesolitikum og i tidlegneolitikum og periode A av mellomneolitikum.

Det vart teke éin 14C-dateringsprøve på lokaliteten. Prøva vart teken frå prøvestikket JA8 mellom 10–20 cm djupt frå lag 2. Resultatet av prøva er ein datering til slutten av seinmesolitikum (5610 +/- 30 BP eller 4501–4356 kal f.Kr.) og samsvarar med ein fleirfasa datering av lokaliteten til mot slutten av seinmesolitikum og tidlegneolitikum basert på typologi, strandlinje og radiokarbondatering.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FINDd1fa47ba-2d8d-4670-8d9b-395f100632ad12 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0