Data · dataset · 2025
Uten navn
Listed in B2FIND
Lokaliteten ligg på ei stor flate.
Description
Flata er ein naturleg terrasse som i dag vert brukt som beite. Sør for lokaliteten er det ei negativ sjakt (17), og i området rundt den sjakta, er det furuskog.
Aust for lokaliteten er det rasmassar med store kampesteinar og steinur. Det er fleire store kampesteinar også innanfor lokaliteten. Vest for lokaliteten skrår terrenget nedover mot vest, til eit stort areal med morelltre.
Read the rest (4 more)
I tillegg avgrensar dei negative sjaktene 38 og 42 sørvestleg del av lokaliteten. Nord for lokaliteten er det negative sjakter (31, 32 og 36) som avgrensar lokaliteten. Det er ein del store steinar på flata innanfor lokaliteten, spesielt i austleg og søraustleg del.
Mykje av det er synleg frå bakken, men det er og ein del som ligg under eit tynt lag med torv. Det vart gjort funn i sjakt 16, 18, 19, 20, 21, 33, 34 og 35. Det vart avdekka stolpehol, produksjonsanlegg, grøfter, kokegrop, kolgrop, grop, kulturlag og fyllskifte.
Lokaliteten er eit produksjons- og aktivitetsområde datert til yngre bronsealder, romartid, folkevandringstid, merovingartid og seinmellomalder. Hovudkonsentrasjonen av dateringane på lokaliteten er frå mellom 337-663 cal AD (romartid til merovingartid) og kjem frå strukturar som er tolka for å vere ein del av eit større produksjonsområde. Det vart ikkje funne noko form for slagg eller noko spor som tyder på jarnutvinning eller jarnproduksjon.
Det er mogeleg at det har føregått ei form for produksjon med andre formål, som keramikkproduksjon, oppvarming og matlaging eller rituelt bruk, men det er uvisst. Lokaliteten er truleg eit område kor både kvardagslege aktivitetar og meir spesialiserte handverksprosessar vart utført, og området kan ha vore ein viktig del av ei større produksjonseining i samfunnet i jarnalderen.
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/0f3e2690-5335-5ffc-bbf2-45006672e726 ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/324722 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=82d69f93-3eb1-43d7-a6da-594e2a058… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | 82d69f93-3eb1-43d7-a6da-594e2a058663 | 12 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |