Data · dataset · 2025
Garnes Lok. 2
Listed in B2FIND
Lokalitet 2 er definert av 4 funnførande/positive prøvestikk: JA.17, JA.18, JA.19 og APK.10.
Description
Den har eit areal på omkring 868 m², og er 44 m lang og 26 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ei flate med helling mot sør, 15-19 moh, på gnr. 284, bnr. 195.
Den er avgrensa med negative prøvestikk i nord og nordvest, i tillegg til berg. I aust er den avgrensa av den gruslagde parkeringsplassen. I sør er lokaliteten dratt til grusvegen som går frå parkeringa og ned til sjøen.
Read the rest (11 more)
Gamle Vossabanen går sør for denne. I sørvest er lokaliteten topografisk avgrensa av brattare terreng. Vegetasjonen består av gras med litt myrhaldige masser under og nokre busker.
Frå JA.17 heller terrenget ned mot sør og her er det meir busker og tre. Det var tatt ein trekolprøve frå lokaliteten frå JA.18, som vart datert til seinmesolitikum (5915-5751 BC). Stratigrafi JA.17 har 20 cm med torv, silt og sand i topp (lag 1), som er funnførande.
Det vart funnet flint inni torva heilt opp i overflaten. Under er 15 cm med mørk silt, som er funnførande (lag 2). Totalt 23 funn i lag 2 og 3.
I botn er det 35 cm med grå silt og sand før berg på 70 cm djupleik. JA.18, som er det mest funnførande stikket på lokaliteten (48 funn), har også 20 cm med funnførande torvmassar i topp (lag 1). Lag 2 består av mørk silt og sand med trekol, og er tolka som kulturlag (30 cm tjukkleik).
Under kjem 10 cm med grå silt og sand (lag 3), før berg på 60 cm djupleik. Stikket har funn i alle lag. JA.19 har også 20 cm med funnførande torvmassar i topp, blanda med mørk jord og silt (lag 1).
Under kjem ei 5 cm tjukk linse av grå silt og sand (lag 2), før 20 cm med funnførande mørk silt og sand (lag 3). I botn er det 15 cm med gråbrun sand (lag 4) før berg på 60 cm. Stikket har totalt 9 funn.
Desse tre prøvestikka ligg alle på flata på 18-19 moh. APK.10 ligg ned i bakken sør for JA.17. Dette stikket har 7 cm med torv i topp (lag 1), følgt av 7 cm med funnførande, svart og mørkegrå feit humus (lag 2).
Under kjem oransje feit sand med litt grus (lag 3: 10 cm tjukkleik) og lys gulbrun sand og silt med litt grus (lag 4: 35 cm tjukkleik). Totalt 6 funn i APK.10. Stratigrafien på lokalitet 2 er ganske lik i alle dei funnførande prøvestikka.
Det er lag 2 (lag 3 i JA.19) som utmerker seg som mest funnførande og kan vere rester av eit kulturlag. Lag 2 er blanda med lag 1, torvmassane, i fleire stikk, som gjer at lokaliteten er funnførande frå overflaten. Det er også funn under lag 2 i fleire stikk.
Funn Det er totalt gjort 86 gjenstandsfunn på lokalitet 2, fordelt på 4 funnførande prøvestikk. Det er funne flint, kvarts, kvartsitt og bergkrystall på lokaliteten. For det meste avslag, men også nokre reiskap.
I JA.18 er det funne eit retusjert flekkefragment som kan stamme frå ein odd av tangespiss/mikrolitt, i tillegg til makroflekke, smalflekker, kjerne og fleire avslag av flint, kvarts, kvartsitt og bergkrystall. Det er funne ei makroflekke av flint i APK.10, mikroflekke og smalflekke av flint i JA.17 og smalflekker av flint og mikroflekke av kvartsitt i JA.19.
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/ac3b7ede-9e05-5b6d-84df-c22bab161ab9 ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/319276 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=71c848ba-8056-47ba-be58-0d629907f… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | 71c848ba-8056-47ba-be58-0d629907f667 | 11 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |