Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Lokalitet 7

Listed in B2FIND

Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå steinalder.

Description

Den ligg på lita flate sør på og mellom eigedommane gnr. 242, bnr. 8 og gnr. 242, bnr. 14, sørvest i planområdet. Den er definert til om lag 360 kvm i utstrekning.

Lokaliteten ligg på ei nord- og sørvendt flate mellom om lag 15–17 høgdemeter over havet. Den er relativt open med noko skog i kantane og er «klemt» mellom ein bergvegg i vest og bergknausar i aust, og lausmassane er tørre. I nord heller flata svakt ned til ei flate med dyrka mark og myr.

Read the rest (4 more)

I aust er det bergknausar dekte i vegetasjon og nokre tre med Korevatnet på andre sida. I sør heller flata ned til ein hage og eit hus ved Dalsvågen. Det ligg òg restar av ei tuft frå nyare tid sør på flata.

I vest går det ein bergvegg langs ved flata frå sør mot nord med nokre tre langs i kanten på flata. Lokaliteten er definert av tre funnførande prøvestikk: APK81, APK82 og JA96. Den er avgrensa av tre funntomme prøvestikk og elles delvis av lendetilhøva, særleg i nord og aust ved bergknaus, i sør ved hagen og huset, i vest ved bergveggen.

Det er funne åtte funn på lokaliteten som er fordelt på dei tre funnførande prøvestikka. Funna er av avslag (ein med retusj) og ein eldflint. Råstoff er av flint.

Gjenstandane som er funne på lokaliteten kan ikkje brukast til å typologisk datere lokaliteten til ein bestemt arkeologisk tidsperiode. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum (om lag 9500–8200 f.Kr.) og seinare igjen på høgda av tapestransgresjonen i seinmesolitikum (om lag 6300–4000 f.Kr.).

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND30450d16-9c85-45e3-8998-e5881a679ba711 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0