Data · dataset · 2025
Uten navn
Listed in B2FIND
Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå eldre steinalder.
Description
Den ligg i utmark sør på eigedomen gnr. 115, bnr. 51 og søraust på eigedomen gnr. 115, bnr. 3 aust i planområdet. Den er definert til om lag 600 kvadratmeter i utstrekning.
Den ligg på ei sørvestvendt flate om lag 9–12 høgdemeter over havet. Den er våt og har mykje tilsig av vatn. Det ligg ein rund kampestein nordaust på flata og det er nokre små klyngjer med tre i nordaust og vest og den er elles dekt av lyng og torvtustar.
Read the rest (6 more)
I nord går flata gradvis opp til mellom 10–15 høgdemeter over havet i terreng av delvis små eksponerte bergflater og delvis små skrinne myrflater. I aust går flata opp til over 15 høgdemeter i overgrodd terreng med fleire spreidde store steinar fram til ei oppbygd steindemning ved elva. I sør renn ei elv ned langs flata frå aust til vest.
I sør går flata gradvis ned til en lågare flate 5 høgdemeter over havet. Den er definert av fem funnførande prøvestikk: APK11, APK12, APK13, APK14 og APK17. Den er avgrensa av seks funntomme prøvestikk i nord, søraust og vest og elles delvis av lendetilhøva, særleg i sør ved elva.
Alle prøvestikka har lag av blanda silt, sand, grus og stein under torva . Stikka er mellom 45– 60 cm djupe og torva er om lag mellom 8–23 cm tjukk. Laga under torva er av funnførande mørkebrun og lysebrun silt blanda saman med torv, grus og stein mellom 8–35 cm djupt.
Under det funnførande laget er det mørkegrå, lysebrun og oransjebrun sand og grus og stein som held fram djupare. Det er funne 29 funn på lokaliteten som er fordelt på dei fem funnførande prøvestikka. Funna er av gjenstandar som avslag og ein knoll.
Råstoff er av flint, ryolitt, kvarts, kvartsitt. Gjenstandane funne på lokaliteten kan brukast til å typologisk datere lokaliteten til tidlegneolitikum (om lag 4000–3500 f.Kr.) og periode A av mellomneolitikum (om lag 3500– 2700 f.Kr.) då innføring av ryolitt i funnmateriale er typisk for desse to periodane. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum og tilnærma bunden i mellommesolitikum og seinare igjen etter høgda av tapestransgresjonen mot slutten av seinmesolitikum og i tidlegneolitikum og periode A av mellomneolitikum.
Det vart teke éin 14C-dateringsprøve på lokaliteten. Prøva vart teken frå prøvestikket APK12 mellom 30–35 cm djupt frå lag 2. Resultatet av prøva er ei datering til slutten av tidlegneolitikum og periode A av mellomneolitikum (4740 ± 30 BP eller 3633–3498 kal f.Kr.) og samsvarar med ein fleirfasa datering av lokaliteten til tidlegneolitikum og periode A av mellomneolitikum basert på typologi, strandlinje og radiokarbondatering.
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/578ce486-8e99-5398-870b-bc2846f56f71 ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/319252 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=06b23e1d-498c-47fe-9413-ce888aefe… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | 06b23e1d-498c-47fe-9413-ce888aefe180 | 13 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |