Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Uten navn

Listed in B2FIND

Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå steinalder.

Description

Den ligg i innmark aust på eigedomen gnr. 50, bnr. 5, nordaust i tiltaksområdet. Den er definert til om lag 2000 kvadratmeter i utstrekning.

Den ligg på ein delvis oppbygde gamal slåttemark og/eller dyrkamark på ei nordvestvendt flate om lag 7–10 høgdemeter over havet. Den er tørrare i nord og våtare i sør. Den er delvis dekt av kratt i nord og langs vegen i aust, og av ei lita klyngje med tre i vest.

Read the rest (7 more)

I nord går flata lågare ned til under fem høgdemeter over havet, i det som eingong har vore ei strandbunde vik. I aust går det en veg frå sør mot nord. I sør held fram flata til den treffer ein gamal oppbygd steinveg som går frå aust mot vest.

I vest går flata lågare ned til under fem høgdemeter over havet, til havet i Fløsteinpollen. Den er definert av ni funnførande prøvestikk: JA1, JA2, JA3, JA4, JA5, JA11, APK2, APK3 og APK4. Den er avgrensa av seks funntomme prøvestikk i nord, aust, sør og vest, og delvis av lendetilhøva, særleg i aust ved vegen og i vest og nordvest ved enden av den delvis oppbygde terrasseflata.

Alle stikka har tynn torv og omrota matjord under torva. Dei fleste har lag av blanda silt, sand og/eller grus under matjorda og grå og/eller gul leire i botn. Stikka er 20–60 cm djupe og torva er om lag fem cm tjukk.

Laga under torva er av funnførande omrota matjord mellom 20–40 cm djupt og laga under matjorda er av delvis funnførande grå og brun silt, sand og/eller grus mellom 20–50 cm djupt. I botn er laga av grå og/eller gul sand og leire. Prøvestikka JA1 og JA2 skil seg noko ut frå dei andre stikka med berre tynne linser av silt og sand som er mindre enn éin cm tjukk under det omrota laget over.

Det er hovudsakleg det omrota laget av matjord under torva som er det primære funnførande laget, men stikka JA3, JA4, APK2 og APK4 skil seg noko ut frå dei andre stikka fordi det er òg nokre funn frå det om lag ti cm tjukke laget av silt og sand under det omrota laget av matjord igjen. Det er funne 96 funn på lokaliteten som er fordelt på dei 9 funnførande prøvestikka. Funna er av gjenstandar som avslag (nokre flekkjeliknande og nokre med retusj), kjernar og pimpstein.

Råstoff er av flint, ryolitt, kvarts, kvartsitt og pimpstein. Gjenstandane funne på lokaliteten kan brukast til å typologisk datere lokaliteten til mellomneolitikum (om lag 3500–2350 f.Kr.), ettersom fråvær av flekkjer i funnmaterialet og råstoff av kvarts, kvartsitt og innslag av ryolitt er gode indikatorar for ei mellomneolittisk datering. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum og mellommesolitikum og seinare igjen etter tapestransgresjonen i mellomneolitikum og til førromersk jernalder.

Strandforskyvningskurva samsvarar med ein typologisk datering av lokaliteten til mellomneolitikum.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FINDa4cdf627-60cb-4885-8752-87ff532f8c6010 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0