Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Aktivitetsområde på Nes

Listed in B2FIND

Aktivitetsområde på Nes, påvist ved maskinell sjakting hausten 2023.

Description

Dette er eit komplekst aktivitetsområde med funn av produksjonsanlegg, kokegroper, stolpehol, kultur- og dyrkingslag, grøfter m.m. Lokaliteten ligg over to store flater, på om lag 14-35 moh.

Mellom desse to flatene, går det ein noko så bratt bakke. Området er dyrka mark, og store delar av området er svært vått. I søraustleg hjørne av den dyrka marka, har det vorte utført omfattande dreneringsarbeid dei siste par åra den arkeologiske registreringa vart utført..

Read the rest (4 more)

Det har også vorte fjerna to bygningar i dette arbeidet. Dei to bygningane var SEFRAK-registrerte, med SEFRAK-id. 1426-0111-055 og 1426-0111-054. Bygningane var del av husmannsplassen «Janegarden», og var frå 1800-talet.

Det går eit betongrøyr på tvers av heile lokaliteten, som også ligg innanfor tiltaksområdet. Røyret er synleg i dagen i nordvest, går på tvers av begge flatene, og kjem ut sør for naustet ved fjorden, i følgje entreprenør. I tillegg dukka det opp moderne veiter i sjaktene.

Under den arkeologiske registreringa vart det opna 22 sjakter, der 19 av sjaktene var funnførande. Det vart også grave 5 prøvestikk innanfor lokaliteten (AS1-2, IFB1-3). Det vart gjort funn av eit omfattande aktivitetsområde, med dateringar frå yngre bronsealder og fram til merovingartid.

Lokalitet 2 er 12 473 m2 stor. Det vart sendt inn fleire dateringsprøver etter den arkeologiske registreringa, som resulterte i dateringar frå yngre bronsealder, førromersk jernalder og merovingartid. Rapport frå den arkeologiske registreringa ligg på id. 319348.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FINDce523d2e-421c-4133-bc92-43fbe54b7b9910 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0