Data · dataset · 2025
Uten navn
Listed in B2FIND
Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå eldre steinalder.
Description
Den ligg i utmark søraust på eigedomen gnr. 115, bnr. 3 aust i planområdet. Den er definert til om lag 70 kvadratmeter i utstrekning.
Den ligg på ei sørvestvendt lita myrflate om lag 18–19 høgdemeter over havet. Den er noko tørrare på flata i aust og betydeleg våtare i nord, sør og vest. Den har nokre små eksponerte bergknausar og/eller bergflater i nord, sør og vest og er elles dekt av lyng og torvtustar.
Read the rest (5 more)
Arkeologiske registreringar I nord går myrflata opp over 20 høgdemeter over havet. I aust går berg langs myrflata frå sør til nord som skjermar flata noko mot aust. I sør er det ei lita eksponert bergflate før landskapet gradvis går ned mot 15 høgdemeter over havet.
I vest er det ein liten eksponert bergknaus før landskapet går gradvis ned til 15 høgdemeter over havet. Den er definert av tre funnførande prøvestikk: JA10, JA11 og JA18. Den er avgrensa av fem funntomme prøvestikk i nord, sør og vest og elles delvis av lendetilhøva, særleg i aust av berg.
Alle prøvestikka har lag av blanda silt, sand og grus under torva og sand og/eller grus over berg i botn. Stikka er mellom 40–50 cm djupe og torva og torvmyra er om lag mellom 10–30 cm tjukk. Laga under torva er av funnførande brun og lysebrun silt, sand og grus mellom 20– 50 cm djupt.
I botn er det grå sand og/eller grus over berg Det er funne 13 funn på lokaliteten som er fordelt på dei tre funnførande prøvestikka. Funna er av gjenstandar som avslag og kjernar. Råstoff er av flint, kvarts, kvartsitt og bergkrystall.
Gjenstandane funne på lokaliteten kan ikkje brukast til å typologisk datere lokaliteten til ein bestemt arkeologisk tidsperiode. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum og seinare igjen tilnærma bunden på høgda av tapestransgresjonen i seinmesolitikum. Strandforskyvningskurva samsvarar med ein datering av lokaliteten til eldre steinalder (om lag 9500–4000 f.Kr.).
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/1862015c-27d0-578c-a594-ae78b23ac64f ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/319251 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=9698c764-bb2e-4de6-83fa-3785202f6… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | 9698c764-bb2e-4de6-83fa-3785202f6151 | 12 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |