Data · dataset · 2025
Uten navn
Listed in B2FIND
Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå steinalder.
Description
Den ligg i innmark sør på eigedomen gnr. 50, bnr. 5, sentralt i tiltaksområdet. Den er definert til om lag 400 kvadratmeter i utstrekning.
Den ligg delvis på ei gamal slåttemark og/eller dyrkamark og hovudsakeleg på eit svakt forhøgd berg på ei nordvendt flata om lag 10–15 høgdemeter over havet. Den er delvis knytt saman med den sama marka som lokalitet to ligg attved mot aust. Den er dekt av klyngje med tre i aust og av kratt i nord.
Read the rest (9 more)
I nord endar flata der den byrjar å gå ned til fem høgdemeter over havet ved eit gamalt gardsbygg. I aust endar flata der den går ned frå det forhøgde berget til andre sida av marka der lokalitet to ligg. I sør endar flata ved hagane til busetnadene.
I vest endar flata ved ein bekk og der landskapet skrår svakt nedover til under 10 høgdemeter over havet. Den er definert av fem funnførande prøvestikk: JA12, JA15, JA16, JA17 og JA23. Den er avgrensa av ni funntomme prøvestikk i nord, nordaust, aust, sør, og vest, og delvis av lendetilhøva, særleg sør ved hagane til busetnadene.
Stratigrafien i prøvestikka på lokaliteten varierer ein del, hovudsakleg fordi nokre av stikka ligg lågare på ei omrota flate som det tidlegare har vore drive jordbruk på og fordi nokre av stikka ligg høgare ei lita flate av forhøgd berg. Alle stikka har tynn torv og dei fleste har omrota matjord under torva. Dei fleste har lag av blanda silt, sand og/eller grus under matjord og berg i botn.
Stikka er 10–70 cm djupe og torva er om lag 5 cm tjukk. Laga under torva er av funnførande omrota matjord mellom 10–40 cm djupt og laga under matjorda er av funnførande grå silt, sand og/eller grus mellom 10–70 cm djupt. Prøvestikka JA15, JA16 og JA17 skil seg noko ut frå dei to andre stikka fordi dei ligg på berget ovanfor marka.
Stikka JA15 og JA17 verkar å vera delvis i opne sprekkar på bergflata og er betydeleg djupare mellom 50–70 cm, medan stikket JA15 verkar å vera på sjølve bergflata og er betydeleg skrinnare mellom 5–10 cm. Stikket JA15 har delvis det same gjentakande laget av omrota matjord, men stikka JA16 og JA17 verkar å vere mindre forstyrra med funnførande lag av mørk silt om lag 0–40 cm djupt. Prøvestikka JA12 og JA23 ligg på marka nedanfor berget på ei omrota flate som det tidlegare har vore drive jordbruk på, og dei verkar å vere betydeleg meir forstyrra enn stikka på berget.
Det er likevel funn frå laga under matjorda om lag 20–70 cm djupt, og det kan verka som om marka er mindre forstyrra her enn den er lenger nord og nordaust. Det er funne 116 funn på lokaliteten som er fordelt på dei 5 funnførande prøvestikka. Funna er av avslag (éin flekkjeliknande med retusj og nokre med retusj), smalflekkar, mikroflekkar, kjernar, éin borspiss og éin flatovaløks.
Råstoff er av flint, kvarts, kvartsitt, jaspis, kalsedon og bergart. Gjenstandane funne på lokaliteten kan brukast til å typologisk datere lokaliteten til seinmesolitikum (om lag 6300–4000 f.Kr.), ettersom mellom anna flatovaløksar og mikroflekkjer er særleg karakteristiske og vanlege på mellommesolittiske og seinmesolittiske buplassar. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum og seinare igjen på høgda av tapestransgresjonen i seinmesolitikum frem til tidlegneolitikum og første halvdel av mellomneolitikum.
Strandforskyvningskurva samsvarar med ein typologisk datering av lokaliteten til seinmesolitikum. Det vart teke éin 14C-dateringsprøve på lokaliteten. Prøva vart teken frå prøvestikket JA16 mellom 5–10 cm djupt frå lag 1.
Resultatet av prøva er ein datering til Merovingartid (1500 ± 30 BP eller 536–644 kal e.Kr.) som blir tolka som dyrkingsspor og som ikkje samsvarar med dateringa av steinalderlokaliteten til seinmesolitikum, som er basert på typologi og strandlinje.
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/c345f098-1e1f-51fd-a5bb-4f731825ed0e ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/319609 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=d7f32d60-9a45-4bf3-8fd7-bcceac932… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | d7f32d60-9a45-4bf3-8fd7-bcceac932ab2 | 10 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |