Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Seljestad - A40 / A40 - Kolgrop

Listed in B2FIND

Beskrivelse fra lokalitet: Kolmila er rektangulær i forma og har indre mål på ca 2,0 meter N - S og 1,1 meter A - V. Sidan den ligg i skråning er det noko problematisk å avgjera den faktiske lengda då det ikkje er nokon godt definerbar voll i S kant.

Description

I A og V er vollane derimot kraftige, spesielt i A. Største djupn er rundt 80 cm i N medan det skrår ut mot null i S. Vegetasjonen i området er for det meste blåbærlyng, røsslyng, myrgras og bjørk.

Det vart teke to prøvestikk i kolmila. Dette fordi me frå først av var litt i tvil med omsyn til plassering og tolka det slik at det var ein eldstad me hadde med å gjera. Prøvestikka viste at kolmila i alle høve har vore nytta to gonger (sjå prøvestikkskjema for A:40).

Read the rest (5 more)

Kollaga var 2 - 7 cm tjukke. Næraste anlegg er A39 (kolgrop) som ligg ca 50 meter mot NV. Andre kolgroper i nærleiken på S sida av E-134 og elva er A:38, A:47, A:36 som ligg mellom 125 og 225 meter unna.

Kolmila ligg i SV kant av ein delvis lyng- og bjørkekledd låg bergrygg i NV ende av Skitlihaugen. I SV går ei graskledd myrflate parallelt mellom bergryggen og myrdraget der sti til Gamlestølen går. Det er 160 - 170 meter til toppen av Skitlihaugen i SA retning.

Til Sauekve og trebru i NA er det mellom 150 og 175 meter i luftline. Tilgang: Ta av E-134 og gå over ei trebru som fører rett på ei innhengning for sauer som ligg på ein graskledd haug i NA kant av myra. Gå som for A:39 (kolgrop), men fortsett rundt enden av bergryggen og gå oppover mot SA i eit lite drag på SV sida av bergryggen. 50 - 60 meter opp dette draget tek ein mot venstre, dvs mot NA, og går opp mot bergryggen der ein ser nakne berget og svingar så ca 10 meter mot A. Ein annan tilkomst kan vera å fylgja stien frå sauekveet rett over myra og opp den bratte skråninga til ein kjem opp der det flatar ut.

Ein går då mot høgre, dvs VNV, langs ryggen av høgda ca 70 - 80 meter. Beskrivelse fra Enkeltminne: Kolmila er rektangulær i forma og har indre mål på ca 2,0 meter N - S og 1,1 meter A - V. Sidan den ligg i skråning er det noko problematisk å avgjera den faktiske lengda då det ikkje er nokon godt definerbar voll i S kant. I A og V er vollane derimot kraftige, spesielt i A. Største djupn er rundt 80 cm i N medan det skrår ut mot null i S. Det vart teke to prøvestikk i kolmila.

Dette fordi me frå først av var litt i tvil med omsyn til plassering og tolka det slik at det var ein eldstad me hadde med å gjera. Prøvestikka viste at kolmila i alle høve har vore nytta to gonger (sjå prøvestikkskjema for A:40). Kollaga var 2 - 7 cm tjukke.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND9a10acdd-51c7-4751-828b-c1ead1f41c2111 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0