Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Øksnesmarka - Lok. 9

Listed in B2FIND

Lokalitet 9 er definert av to funnførande/positive prøvestikk; JA.34 og APK.95.

Description

Den har eit areal på omkring 47 m² og er 7 m lang og 6 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ei lita flate 11-12 moh, , inni planta skog på vestre side av Teinelva, mellom lok. 7 (id. 304546) og lok. 8 (id. 304557).

Den er avgrensa av berg i aust og vest. Nord og sør for lokaliteten er det avgrensa med negative prøvestikk. I nord er det også myr på over 1 m djupne.

Read the rest (4 more)

I søraust er det bratt halling ned mot myra og Teinelva. Lok. 7 (id. 304547) ligg omkring 25 m med svak halling sør for lok. 9. Flata ligg i ein opning i skogen, og er omringa av tre.

Grunnen består av myr og grastuer. Dei funnførande massane består av sand og grus og er omkring 20-30 cm tjukke (lag. 2). Det er 60-70 cm med myr over funnførande lag.

I JA.34 kjem ein ned på leire under lag 2, mens i APK.80 var massane så kompakte i botn at ein ikkje kjem djupare. Det er totalt funne to bitar vannrulla/patinert flint og eit avslag i kvarts på lokaliteten. Lokaliteten har vore strandbunde frå tidlegmesolitikum (12 moh - 8550 BC) og fløymt over i seinmesolitikum, ved tapes maximum (13 moh - 5050 BC).

Den har så vore strandbunden igjen frå overgangen til tidlegneolitikum/mellomneolitikum (11 moh - 4050 BC og 9 moh - 3050 BC). Basert på funn av vassrulla og patinert flint, kan lokaliteten vere transgredert og stamme frå tidleg- til mellommesolitikum.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND55a9900d-326b-4f05-b14d-c9bac6a870a610 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0